Vedtekter

VEDTEKTER FOR AGDER HISTORIELAG

 

FØREMÅL

§ 1

 

Agder Historielag har som føremål å fremja interessa for og auke kjennskapen til historie og kulturvern i landsdelen.

 

VERKSEMD

§ 2

 

For å nå målet skal Agder Historielag:

  • Styrka samarbeidet mellom historielaga og representera desse i saker av felles interesser i høve til fylkeskommunale styresmakter.
  • Arbeida aktivt for at folk flest, media og myndigheiter får auka forståing for verdien av kulturarv og historie.
  • Ta på seg oppgåver som best kan verta løyste på regionalt plan, så som kurs, seminar og kulturreiser.
  • Gje ut publikasjonar og driva andre former for opplysingsarbeid.

 

 

ORGANISASJON OG MEDLEMSKAP

§ 3

 

Agder Historielag er ein paraplyorganisasjon for historielaga på Agder, og er tilslutta Landslaget for lokalhistorie.

§ 4

 

Lokale historielag og foreiningar med føremål i tråd med § 1 kan vere medlemar i Agder Historielag.

Laga betaler kontingent som årsmøtet fastset. Inkludert i kontingenten får kvart medlemslag medlemsbladet.

 

ÅRSMØTET

§ 5

 

Årsmøtet er øvste organ i laget. Tidspunkt for dette er seinast i april månad. I dei åra det vert halde landsmøte, bør årsmøtet i Agder Historielag vera minst fire veker før landsmøtet. I særskilde tilfelle kan styret kalla inn til ekstraordinært årsmøte.

 

Kvart medlemslag har rett til å møta med to delegatar for dei fyrste 100 medlemane, deretter ein delegat for kvar påbyrja 100. Ingen lag kan ha fleire enn fire delegatar.

 

Kvar delegat har ei røyst. Ingen kan møta med fullmakt. Styremedlemar i Agder Historielag møter på årsmøte med tale og røysterett. Sekretæren har berre talerett.

 

Årsmøtet tek stilling til val, årsmelding, rekneskap, budsjett, kontingentendring og eventuelle innkomne framlegg og andre saker styret legg fram.

Styremedlemane, varamedlemar og medlemar til valnemnda skal veljast blant medlemslaga i organisasjonen.

 

Val og vedtak vert avgjort med vanleg fleirtal. Framlegg om vedtektsendring må vere styret i hende minst to månader før årsmøtet. Andre saker til årsmøtet må vera styret i hende ein månad før årsmøtet.

 

Styret sender innkalling, sakliste, årsmelding og rekneskap ut til medlemslaga seinast ein  månad før årsmøtet. Kunngjering om vedtektsendring skal gjerast saman med årsmøteinnkallinga på e-post/brev til laga ein månad før årsmøtet. Vedtektsendring krev 2/3 dels fleirtal. Dei same tidsfristane gjeld ved ekstraordinært årsmøte.

Dato og stad for årsmøtet må vere kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet.

 

Vedtak skal gjerast gjeldande utan opphald dersom årsmøtet ikkje vedtek anna.

 

TILHØVET TIL LANDSLAGET

§ 6

 

Årsmøtet handsamar eventuelle saker som kjem frå styret i Landslaget. Vedtektene til Landslaget vert fylgt ved representasjon på landsmøtet. Agder Historielag betalar utgiftene til landsmøtet for utsendingane. Jamfør § 5 i vedtektene for Landslaget.

 

 

STYRET

§ 7

 

Agder Historielag vert leia av styret, som er høgste myndigheit mellom årsmøta.

Styret skal ha åtte medlemar med personlege varamedlemar. Samansettinga skal vera ei geografisk rettvis fordeling og så langt råd er, lik representasjon av båe kjønn. Styremedlemar og deira vararepresentant har ei funksjonstid på 2 år, men vert valde slik at halvparten er på val kvart år. Leiar og nestleiar skal veljast blant styremedlemane med funksjonstid på 1 år. Styret kan gjera vedtak når minst fem medlemar er til stades. Ved lik røysting har leiaren dobbelrøyst.

 

Styret har ansvar for

  • å handsama alle typar saker og er samla ansvarleg for dei einskilde vedtaka som vert gjorde.
  • å utarbeida nødvendige retningsliner og rutinar for drift av laget.
  • å legga fram årsmelding, revidert rekneskap og eventuelle andre saker til årsmøtet .
  • å engasjera rekneskapsførar.
  • tilsetta sekretær og fastsetta løn og instruks/stillingsomtale/arbeidsoppgåver.
  • at arbeidsgjevaransvaret vert utført tilfredstillande.
  • foreslå medlemar til valnemnda

 

Styret kan oppretta nemnder/komitear for spesielle saker. Innstillinga/arbeidet til nemnda/komiteen vert lagt fram for styret, og endeleg vedtak vert gjort av styret, som er ansvarleg ovafor årsmøtet.

 

 

ARBEIDSUTVAL

§ 8

 

Styret kan oppnemna arbeidsutval der leiar, nestleiar og eit styremedlem er med. Arbeidsutvalet handsamar saker mellom styremøta. Sakene skal leggjast fram for styret.

 

 

SEKRETARIAT

§ 9

 

Agder Historielag skal ha sekretariat for verksemda. Dagleg leiar har ansvar for den daglege drifta og å utføra oppgåver som til ei kvar tid er lagt til stillinga.

Agder Historielag skal ha rekneskapsførar og offentleg godkjend revisor.

 

 

VALNEMNDA

§ 10

 

Valnemnda skal ha fire medlemar med funksjonstid på 2 år, men vert valde slik at halvparten er på val kvart år. Samansettinga skal vera ei geografisk rettvis fordeling med lik representasjon av båe kjønn. Ved lik røysting har leiaren dobbelrøyst. Valnemnda kjem med framlegg til styremedlemar, varamedlemar, leiar, nestleiar, utsendingar til landsmøtet og kandidatar til landsstyret.

 

 

OPPLØYSING

§ 11

 

Laget vert rekna som oppløyst når to ordinære årsmøte på rad har gjort vedtak med 2/3 dels fleirtal blant dei røysteføre deltakarane. Framlegg om oppløysing av laget må vera styret i hende minst to månadar før årsmøtet.

 

Dersom Agder Historielag vert oppløyst, skal Statsarkivet i Kristiansand/Aust Agder museum og arkiv få tilbod om arkivet og samlingane til Agder Historielag. Eventuelle midlar går til Landslaget for lokalhistorie, til bruk for lokalhistorisk arbeid på Agder.

 

Vedtekter for Agder Historielag vedtekne på årsmøtet 2. april 2011, med endringar på årsmøta 30. april 2016, 22. april 2017 og 28. april 2018.

  Kalender  
 
Besøkende: 96246