LEDIG STILLING: ORGANISASJONSSEKRETÆR

 

Inntil 40 prosent stilling ledig som organisasjonssekretær for Agder Historielag frå 1. februar 2019.

Arbeidsoppgåvene kan variera med den som vert tilsett, men er i hovudsak drift av kontor og organisasjon; mellom anna medlemsregister, kontingentkrav, økonomi, inn- og utbetalingar, handtering av post, fjesboka, heimesida, magasinet Egde og vanlege sekretæroppgåver. Løn etter avtale.

Ønskjelege kvalifikasjonar:

• Relevant erfaring frå organisasjons- og arbeidslivet 
• God på organisering og teamarbeid 
• Sjølvstendig, løysingsorientert, fleksibel og motivert 
• Gode evner til nettverksbygging, relasjonsarbeid, samarbeid og kommunikasjon 
• Gode norskkunnskapar, og god på skriftleg og munnleg framføring 
• Journalistiske ferdighetar 
• God kjennskap til IKT-verktøy og sosiale media 
• Økonomistyring og budsjett

Agder Historielag har kontorlokale på Arkivet freds- og menneskerettighetssenter (Stiftelsen Arkivet) Vesterveien 6, Kristiansand.

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Arna Berg tlf. 905 00 467.

Søknad med CV, samt referanser, sendes på e-post til arnaberg@gmail.com innan 21. desember.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  Kalender  
 
Besøkende: 96427