Historielaget blir til

Ein av dei fyrste som lanserte tanken om eit historielag i landsdelen, var Vilhelm Krag. I to avisartiklar i Kristianssands Dagblad 20. og 27. juni 1903, under tittelen «prosjekter 1» og «prosjekter 2», tok han til orde for opprettinga av eit statsarkiv i Kristiansand og ei «historisk Forening med Hovedsæde i Kristianssand og Filialer i By og Bygd udover hele Sørlandet».

Det skulle likevel gå over 10 år før ideen vart omsett til praksis. I 1913 vart det sendt ut eit innbydingsskrift til danninga av eit historielag, underskriven av kjende menn som Olav Benneche, Abraham Berge, Å. Bryggesaa, Vilhelm Krag og Jørgen Løvland, for å nemne nokre. 
 

Tida kunne vel knapt vore meir høveleg. Auka medvit kring det særnorske etter unionsoppløysinga i 1905, og førebuingane til det komande 100 års-jubileet for 1814, passa som hand i hanske for stiftingskomiteen.
 

Responsen vart fantastisk, og det vart kalla inn til stiftingsmøte i Klubben i Kristiansand den 28.mars 1914. Etter føredrag og ordskifte vart det semje om at landsdelen hadde bruk for eit lag for å ta seg av det historiske arbeidet. Lover vart vedtekne og styre vart valt. Agder historielag var ein realitet.

  Kalender  
 
Besøkende: 54521