Vedtekter

§ 1 FØREMÅL

Agder Historielag har som føremål å fremje interessa for og auke kjennskapen til historie og kulturvern i landsdelen.

§ 2 VERKSEMD

For å nå målet skal Agder Historielag:

  • Styrkje samarbeidet mellom historielaga og representere desse i saker av felles interesser overfor fylkeskommunale styresmakter.
  • Arbeide aktivt for at folk flest, media og myndigheiter får auka forståing for verdien av kulturarv og historie.
  • Ta på seg oppgåver som best kan verte løyste på regionalt plan, så som kurs, seminar og kulturreiser.
  • Gje ut publikasjonar som til dømes årsskrift og medlemsblad og drive andre former for opplysingsarbeid.

§ 3 ORGANISASJON OG MEDLEMSKAP

Agder Historielag er tilslutta Landslaget for lokalhistorie og utgjer fylkesleddet for Agderfylka.

§ 4

Lokale historielag og foreiningar med føremål i tråd med § 1 kan vere medlemer i Agder Historielag.

Laga betaler kontingent som årsmøtet fastset. Inkludert i kontingenten får kvart medlemslag eit årsskrift og  medlemsblad.

§ 5 ÅRSMØTET

Årsmøtet er øvste organ i laget. Tidspunkt for dette er seinast i april månad. I dei åra det vert halde landsmøte, bør årsmøtet i Agder Historielag vere minst seks (-6-) veker føre landsmøtet. I særskilde fall kan styret kalle inn til omframt årsmøte.

Kvart medlemslag har rett på å møte med to delegatar for dei fyrste 100 medlemene, deretter ein delegat for kvar påbyrja 100. Ingen lag kan ha fleire enn fire delegatar.

Kvar delegat har ei røyst, fullmakt vert ikkje å akseptere. Eit lag som såleis har rett på fire delegatar, men berre møter med ein, har berre ei røyst. Styret har ikkje røysterett i saker som gjeld årsmelding og rekneskap, men sjølvsagt talerett. I alle andre årsmøtesaker har styret røyste- og talerett. Skrivaren har berre talerett.

Valnemnda gjev årsmøtet innstilling på fylgjande verv:

Styret:    Åtte styremedlemer med varamedlemer – blant medlemslaga/foreiningane i organisasjonen.

Valnemnda gjev årsmøtet innstilling på leiar og nestleiar blant styremedlemene.

Valnemnda: Fire medlemer frå medlemslaga/foreiningane i organisasjonen.

Eksterne verv: Der Agder Historielag har oppnemnings-/innstillingsrett, kan valnemnda kome med ei innstilling.

Dei tillitsvalde i styret og valnemnda har ei funksjonstid på to år, men vert valde slik at halvparten står på val kvart år. Leiar og nestleiar derimot, vert valde for eitt år av gongen, og veljast såleis kvart år. Valnemnda konstituerer seg sjølv.

I styret og valnemnda skal det vere lik representasjon frå kvart av fylka, og så langt råd er lik representasjon for båe kjønn.

Årsmøtet tek stilling til val, årsmelding, rekneskap, budsjett, kontingentendring og eventuelle innkomne framlegg og andre saker styret legg fram.

Agder Historielag skal ha offentleg godkjend revisor.

Val og vanlege vedtak vert avgjort med vanleg fleirtal. Framlegg om vedtektsendring må vere styret i hende minst to månader føre årsmøtet. Styret sender slike framlegg, sakliste, årsmelding og rekneskap ut til medlemslaga seinast ein (-1-) månad føre årsmøtet. Dato og stad for årsmøtet, saman med sakliste, årsmelding og rekneskap skal vere prenta i EGDE minst 14 dagar føre årsmøtet. Kunngjering om at vedtektsendring er årsmøtesak skal skje saman med årsmøteinnkallinga i EGDE eller per brev til laga ein månad føre årsmøtet. Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal. Dei same tidsfristane gjeld ved ekstraordinært årsmøte.

§ 6 TILHØVET TIL LANDSLAGET

Årsmøtet handsamar eventuelle saker som kjem frå styret i Landslaget. Vedtektene til landslaget vert fylgt ved representasjon på landsmøtet. Agder Historielag betaler utgiftene til landsmøtet for ein utsending, som helst bør vere styreleiaren.

§ 7 STYRET

Styret, som har åtte (-8-) medlemer, tilset skrivar/kasserar og fastset løn og instruks. Ved lik røysting, har leiaren dobbelrøyst. Funksjonstida for styremedlemene er to år, slik at halvparten er på val på kvart årsmøte. Funksjonstida for leiaren er eitt år. Styret kan gjere vedtak når minst fem medlemer er til stades. Styret har ansvar for å leggje fram årsmelding, revidert rekneskap og eventuelle andre saker til årsmøtet for godkjenning.

§ 8

Styret i Agder Historielag handsamar alle typar saker frå båe fylka. Styret er samla ansvarleg for dei einskilde vedtak som vert gjort. Styret kan nedsetje nemnder/komitear som spesielt kan sjå på saker i kvart fylke. Innstillinga/arbeidet til komiteen vert lagt fram for styret, og endeleg vedtak vert gjort av styret, som er ansvarleg overfor årsmøtet.

§ 9 VALNEMNDA

Valnemnda, som har fire medlemer, konstituerer seg sjølv og vel leiar. Ved lik røysting har leiaren dobbelrøyst.  Valnemnda legg fram for årsmøtet framlegg til styremedlemer med varafolk, leiar og nestleiar og tillitsvalde i valnemnda og eventuelle utsendingar til landsmøtet og kandidatar til landsstyret.

§ 10 OPPLØYSING

Laget reknast som oppløyst når to ordinære årsmøte på rad har gjort 2/3 dels fleirtalsvedtak blant dei røysteføre deltakarane. Framlegg om oppløysing av laget må vere styret i hende minst to månader føre årsmøtet.

I fall Agder Historielag vert oppløyst, skal Statsarkivet i Kristiansand få tilbod om arkivet og samlingane til Agder Historielag. Eventuelle midlar går til Landslaget for lokalhistorie, til bruk for lokalhistorisk arbeid på Agder.

Vedtekter for Agder Historielag  vedteke på årsmøtet 2. april 2011

  Kalender  
 
Besøkende: 54523