Holum Historielag
 

Holum bygdesentrum i sin barndom

Avskrift etter VÅR ARV

Nr.2 13. Årgang 1992

 

                               Holum bygdesentrum i sin barndom

                                         Av Bjørn Slettan

For fleire år sidan snakka vi med Anders Bårdsen og John Jensen Sletten, dei to eldste som då budde på Krossen, og skreiv opp somt etter dei. Nå er dei borte; Anders døydde i 1976, 89 år gamal, og John døydde i 1978, 95 år gamal.

Dei fortalde eitt og anna om busetnaden i Laustø - Løyninga - Monenområdet, særleg då om dei første husa som blei sette opp i det som nå er Holum bygdesentrum. Det dei fortalte,  er det viktigaste kjelda til det som her følgjer. Dessutan har vi også brukt oppskrifter etter Anders Laustø. I dette stykket tar vi ikkje med noe om Monen, som nærmast må reknast med til bygdesenteret. Det får bli ein annan gong. I tid går vi fram til 1905.

Grunnen til tomtene på Krossen er gått ut fra Laustø, Løyninga og sjølve Holum. Går vi 120 år tilbake i tida, var det meste av dette området ein lyngvokst mo, der ingen budde. Løyninga hadde ein sommerflor her, og vegen frå ferjestaden og vestover til kjørke og daleveg ferdast det folk.

Ei lita husmannsstove hadde nok stått her, visstnok litt vest for skoletomta.

Det finst eit festebrev frå 1775, der lagmannen på Holmegård gir enka Pernille Nilsdatter og son hennar løyve til å bu der - på Laustømonplasset, som det blir kalla. Utpå 1800-talet finn vi omtala ein husmann Lars Jonsen «Holme-grund»; han må truleg ha budd her.

Men då nyvegen i Mandalen kom rundt 1870, blei situasjonen brått forandra. Den gamle traséen blei omlagt, han gjekk ikkje lenger om kjørka, men tok beint over Laustømonen, på bru over Holumsbekken ved Nødbekk og vidare forbi Vådne. Der nyvegen kryssa vegen til ferjestaden i Løyninga, blei det då ein vegkross, som skulle gi namn til det første huset.

Det kom i 1878, og byggherren var Martin Solås, i bygda kalla «Martin i Heia» etter staden han kom frå, Solåsheia (Solberg). Vi har skrive av litt av dagboka hans (som vi ein gong hadde til låns). Den syner at han dreiv ein liten landhandel. Staden i vegkrossen var strategisk i så måte. «30. Juli 1878 begyndte jeg min handelsforretning på Laustømoen.» Men han dreiv ikkje krambua i meir enn snaue 3 år. Rekneskap i boka hans går fram til Mars 1881; då har han skrive : « 7. Mars 1881..... jeg titter ud af kammersvinduet på Krossen. Hvor er jeg neste 7. Mars ? Formodentlig i Heien....»

Altså har Martin sett namnet Krossen på huset sitt. I Anders Løvstø’s dagbok frå 1879 finn vi litt om Martin. Den 16. Januar er noen gutar på revejakt. «Da vi gik vestefter «Presteveien», fik jeg se nogle spor, vi blev enige om at det måtte være ræven, som hadde gået der... Jeg og Ole Vådne traf Kristen Holmegård ved Løyning sommerfjøs, der gik sporene på landeveien. 

Medens vi sto der og samtalede om hvor ræven kunde have taget veien hen derfra, kom Martin Heien gående fra Mandal. Han standsede lidt fra os, idet han sagde: «Æ veit snøut om æ tor komme hen, for det ser så fælt ud mæ alle dessa børsan.» Vi sto nemlig med hver sin bøsse på nakken, ski på fødderne og skistav i hænderne.»

Seinare på kvelden er gutane oppe på Nødbekk - «der vi vennede, så gikk vi ned til «Krossen», hvor jeg og Ole skiltes med Kristen.» Her har altså Anders tatt namnet Krossen i bruk. Den 5. Februar er han oppe under «Vestre Knibben, hvor Karl Solås minede sten til til mure under hans broders hus (Karl var bror til Martin). Der huggede jeg ned en del hoslekrabber og drog hjem.»

Då Martin flytte til Solåsheia, kom det nye folk i huset på Krossen. Tobias Krågeland frå Laudal var tømmermann; kona heitte Gurine og kom frå Veåbu under Usland. Tobias døydde i 1891, og som enke gifta Gurine seg med Kristian Teland, som var urmaker. Ei tid tok dei mot kaffigjester. Mange opplendinger kom utover med hestelass, særleg med stav. Det var ei dagsreis, og dei måtte ha mat. På skiltet sto det: «Spise og logi for edruelige mennesker». Det mangla nok mye på at alle hestefolk som kom etter dalevegen, var edru. Promillekjøring var eit problem før bilane kom.

Sidan var Kristian Teland i Amerika fleire år. På sine eldre dagar budde han i Bendik Tønnesens hus (nr. 12). Den store klokka på veggen fortalde at her heldt urmakaren til.

Hus nr.1 blei kjøpt av Kristen Pedersen Øyslebø (1847 - 1932), vanleg kalla Kristen Persen. Han var gift med Maren Pettersdatter Bringsdal (1859-1944). Dei hadde 9 barn, deriblant Anders Holbek i trilla på bildet. Det er Kristen og Marens etterslekt som eig huset nå, men det er ikkje heilårsbustad.

 

Det første huset på Krossen sto aleine i 8 år, men fra 1886 til 1890 blei det livlig byggeverksemd, då kom det fem hus til, på kartet nr.2-6. I 1890-åra kom husa nr. 7-11, og det siste vi tar med, nr. 12 omkring 1905, Litt om kvart av desse:

Smeden Bård frå Follerås i Finsland hadde ei tid hatt smie i Bjørkenes. I 1886 bygde han smie og hus på Krossen. 

Han smidde mellom anna plogar, noe som ikkje alle kunne mestre. Erik i Bjørkeneset hadde  laga plogar før, men han fekk veltefjøla støypt. Bare den var mest like tung som ein heil plog sidan.

Bård smidde fjøla, varma opp og banka og vrei, så fjøla fekk rette skabelonen. Det gjekk med ca. 18 kroner i material til ein plog. Dei måtte arbeide hardt i to lange dagar for å få han ferdig, å då blei prisen 33 kr.

Det var god etterspurnad etter desse plogane, heilt til til dei fabrikkproduserte frå Kverneland og andre kom omkring 1910. Andreas Kaddeland brukte ein av Bård sine til langt ute i 1920-åra.

Sidan gjekk smedyrket i arv til Anders Bårdsen, og hans son Bård igjen. Bendik, bror til Anders, var hjulmakar. Saman laga dei då hestekjøretøy. Etter kvart som bilane kom, blei det mest reparasjonsarbeid på dei. 

 

Huset rett ved sida av Bårdsens var ferdig ikkje lenge etter, det fekk navnet «Krossbu». Det tyder på at Krossen var vanleg brukt om denne husklynga som var i ferd med å vekse fram. Det var Jens Johnsen frå Slettan og kona Olivia frå Skudeneshavn som busette seg her. Sidan kom det både telefonsentral og bank i dette huset. Uthuset som står i tunet, er bygd av sonen John, som dreiv jordbruk, mellom anna i Kjørkelia og på Klepp.

Så kom husa nr. 4,5 og 6 slag i slag. Bent Andreassen, kalla «Beint skomager» bygde der posthuset er nå. Sidan bygde han eit hus til, nr. 9, og flytta dit. Nr. 4 blei då selt til Jakob Danielsen, som hadde bakeri. Vi har tidligare i VÅR ARV (nr. 2/84).

Daniel Danielsen og deretter Arne Håkonsen dreiv bakeriet vidare, og ei tid var det vanleg butikk.

På andre sida vegen bygde Jens Solås. Tomta var utskilt frå øvre bruk i Laustø. Han hadde garden på solås, og var elles kunnig til mangt og mye. Når folk hadde tannverk, gjekk dei til Jens for å få tanna dratt ut. Han kunne også koppe og årelate; det var før rekna som eit universalmiddel mot sjukdom av ymse slag.

Hus nr. 6 var bygd av Edvard Klepp. Men han flytte til Monen og selde til Knut Manneråk. Knut målte stav og han snekra kasser. Han hadde eit lite sagblad til å skjere kassebord. Saga var «kvinnfolkdriven», sa dei. Det var sveiv på kvar side, og kona Asborg og dattera Marte dro. Asborg selde kaffi til ferdafolk, mest slike som kom med stavlass.

Tomta til dette huset er gått ut fra Løyninga. Det gamle Løyninghuset låg nede ved elva nær ferjestaden, og dei hadde som nemnt ei sommerflor der Krossen nå voks fram. Men i 1891 bygde Søren Løyning hus og uthus oppe ved nyvegen. Han var også hjulmakar, og hadde verkstad på andre sida av vegen.

Om lag på samme tid kom huset nede i «Kroa». Anders T. Holbek var skomakar; han er fleire andre stader skriven som «Anders Krossen».

Det var behov for langt fleire av dette yrket då dei både sola og sydde skor. Kona Anne Katrine frå Landås selde og kaffi og mat til hestekarane. 

Hus nr.9, «Nyvoll» har vi nemt, det var «Beint skomager» som bygde det. Sidan hadde postbud Peder Larsen det i mange år. Nå er det kommunalt; ei tid var dei kommunale kontora og biblioteket der.

 

Butikken i Laustø er nr. 10. Søren og Tobias Holmesland var gift med kvar si søster fra Laustø, øvre bruk. Dei hadde handla litt i Jens Solås’ hus, men fekk nå krambu i det nye huset, som svogeren Anders Løvstø bygde. Etter ei tid blei det til at broren Adolf Holmesland overtok forretninga. Og sidan hadde Nils Holbek og Andreas Holbek butikken i mange år.

Siste huset på 1800-talet var Holum meieri. Meierisoga har før stått i VÅR ARV (nr. 2/81). 

I hus nr. 12, tomta utskilt frå Laustø, treffer vi igjen ein skomager. Bendik Tønnesen var frå Suvatne. Kona Søverine frå Skagestad døydde alt i 1906. Sidan losjerte som nemnt urmakar Kristian Teland her.

                                                                        * * *

I desse 12 hus budde det om lag 55 menneske i året 1905. Som vi har sett var det serviceyrke, slik dei nå blir kalla, som låg til grunn for busetnaden. Her fanst smed og bakar, skomager og tømmermann, handelsfolk og andre. Meieri, telefonsentral og posthus skjøtta andre funkjonar.

Og dermed har vi korte trekk skildra 27 års «grunnleggingstid» i Holums nye sentrum. I dei neste tiåra kom det noen hus til, men mønsteret var i det store og heile nokså uendra til bortimot 1950. Då blei pendling til Mandal meir og meir vanleg. Det kom skole, idrettsanlegg, bygdeheim og bustadfelt. Og med det ein ny epoke i bygdas historie... 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  Kalender