Holum Historielag
 

Lover for Holum Historielag

§ 1. Historielaget har til føremål

     - å arbeide for at alt av historisk interesse innan Holum sokn blir tatt vare på og verna om.

     - å vekke, auke og spreie interesse for og kunnskap om bygdas historie.

§ 2.

For å nå føremålet skal historielaget

- drive lokalhistorisk arbeid, så som møte, kurs, ekskursjonar, innsamling av skriftlig materialer, bilder, tradisjoner, stadsnavn eller anna av historisk interesse.

- gi ut skrifter om bygdas historie

- arbeide for vern av forminne og kulturminne av alle slag

- samarbeide med andre historielag i kommunen, med Agder Historielag og med Landslaget for bygde- og byhistorie.

§ 3.

Årsmøte skal haldast innan utgangen av februar månad. Det skal kunngjerast med 8 dagars varsel. Ein skal ha føre desse sakane: Årsmelding,rekneskap, årspengar, val av formann og styremedlemmer og andre tillitsmenn. Andre sakar som samsvarar med lagets føremål kan fremjast etter vanlig årsmøtepraksis.

§ 4.

Laget skal ha eit styre på 6 medlemmer. Formannen blir valt for 1 år. Dei andre styremedlemmene har ei funksjonstid på 2 år, slik at 3 av dei går ut det eine året, og 2 av dei det neste året. Styret er vedtaksført når minst 4 av medlemmene er til stades.

§ 5.

Dersom styret ikkje held årsmøte 2 år på rad, kan ei gruppe av medlemmer - etter vanlig kunngjering - halde årsmøte. Det styret som då blir valt, overtar det gamle styrets rettar og pliktar.

§ 6.

Oppløysing av laget kan bare skje etter samrøystes vedtak på årsmøte. Midelen til laget kan overførast til andre historielag i kommunen eller til tiltak i kommunen som samsvarar med lagets føremål eller til Agder Historielag. Lagsarkivet skal overførast til kommunens lokalarkiv.

                                                                                               Nedsatt 5/12 1980 

  Kalender