Holum Historielag
 

Holum Bondekvinnelag Skipa 1931

 

Avskrift etter VÅR ARV

Nr. 2 2012

 

                                                       Holum Bondekvinnelag

                                                                          Skipa 1931

Det hadde lenge vore tale om i bygda at Holum burde få sitt Bondekvinnelag slik som fleire andre bygder i Vest Agder.

På årsmøte i Holum Bondelag 27. Mars 1931 vart tanken teke opp og ei nemd vart vald til å arbeide med saka. Denne nemda skulle høyre seg om i kvar si grend, om kvinnene ville vera med å skipa bondekvinnelag i Holum og fyrebu arbeidet.

Den 3. April hadde Mandal krins av Noregs Bondelag årsmøte og fest i Holum, og den dagen hadde Bondekvinnelagsnemda samrådingsmøte. Det synte seg at fleire hadde gjort godt arbeid og såg lyst på tiltaket, då kvinnene i deira bygder var interessert. Andre kunne fortelja at dei vart møtt medat «dei hadde ikkje tid eller var med i andre lag. Likeeins at dei lange vegane skremde mange». 

Alle var samde om å lyse til skipingsmøte. Den 11. April møttes umlag 30 kvinner på Varde. Jørgine Nøding vart vald til møtestyrar og sakane gikk greit frå hand. Det vart vedteke å gå igong med Bondekvinnelag for Holum. 28 skreiv seg som medlemer.

Til styre vart vald: Guri Hauge Wiig, Ragnhild Langeland, Emma Skagestad, Jørgine Nøding.

Laget skulle drivast som arbeidslag, og ha møte ein gong i månaden utenom i onnetidene.

Det kom forslag om at kvart medlem held sjølv tilfanget og arbeider opp ein og ein ting som laget kan luta ut til hausten på en festleg tilstelning !

Dette var fyrste opptaket for å få litt pengar å rutte med.

I styremøte etterpå vart Guri Hauge vald til formann, Emma Skagestad, varaformann og skrivar, Jørgine Nøding, kassestyrar..

Det var med spaning laget gjekk igong med fyrste tilstellinga der me bad inn bygdefolk. Veret var surt og ufyse, slik det kan vera ein dag i November og motet var ikkje stort. - O så gjekk det så fint, både med programmet og i pengevegen. Landbruksskolestyrar Bruskeland held festtalen. Han talte om heimen. Om å gjera heimane unelege og vene, og vende seg til mennene og bad dei gjera det lettvinnare i hus og fjøs. (Sjå tilhøve i Holum 25 år etter. Er det ikkje slutt med vassberinga og den rå veden og mange andre ting Bruskeland la festlyden til minne ?)

  • Etterpå var det mat ved duka bord, og i møteboka står det: «Laget baud på den beste mat som nokon gong er satt fram på eit festbord. Det var gome og kalvesus, lefse og godt brød, og sjølvsagt god kaffi. Alle i godt lag og fin stemning.
    Seinere var det opplesing, felemusikk og så vart varane luta ut. - l 23-tida slutta festen med fedrelandssalma.
    Når eg teke så mykje med fra denne fyrste festen, er det fordi den har vore mønster for alle årsfestane i det 25 år laget har vore igong.
    Det var andre tider for 25 år sidan! Pengane hadde verd om dei ikkje var så store. - Fyrste året delte laget ut 50 kr. Til jul, 5-10 kr. Til kvar, - til folk som me trudde såt mun i ein juleskilling. Me gav pengane til kone i ein heim. -
    Sume tider laut ein av styrer ta ein Mandalstur og kjøpa kjoletøy eller sko til kone som hadde bruk for slikt. Eller for å kjøpa godt varmt undertøy til ein sjuk ungdom.
    Desse jole-utdelinga helt laget på med i alle åra før krigen, og det siste året var me oppe i 250 kr.
    Tidt hadde laget vore med og gjeve et lita hjelp når folk i bygda som sat trongt i det, hadde uhell med hest og kretur, ulukke ved brann og liknande.
    I 1933 satte laget igong det fyrste arbeidskurset, eit 90 t. skomakarkurs med ein skomakar frå bygda som lærar, og 13 elevar. Læraren hadde 1 kr. timen i timelønn. Kvar elev betalte 5 kr. Og Bondekvinnelaget tek dei andre utgiftene.
    Fram gjennom åra har laget set i gong mange kurs. Lat meg prøva å rekne opp: 3 vev-, 12 sy-, salmakar-, grønsak-, fleire lampeskjerm-, og fleire fargekurs. Det har vore mange mindre kurs og demonstrasjoner, frå den store «Norsk korn» - demonstrasjonen som staten sende ut i 1938, demonstrasjon i hermetisering av kjøt, lagring av ullsko, singer - kurs, måle- og tapetserkurs o.mfl.
    I 1933 var Bondekvinnelaget med og kosta serkalker til kyrkja, og i 1938 vart det kjøpt golvtæpe til gongane i kyrkja. Dei kosta 216 kroner i den tida. Det året var me og kosta banneret for Marna og Audna krins.
    - Um hausten same året møtte mange frå Holum på Ljosheim, på skipingsmøtet for Vest - Agder Bondekvinnelag.
    Holum -laget melde seg inn med same, og laget vårt alle åra sendt utsendingar til årsmøtene.
    Det har også vore særs godt frammøte frå vårt lag til fylkesstemnene.
    I 1939 hadde Holum Bondekvinnelag fest med basar som vanleg og i møteboka står det: «Det kom inn 518 kroner brutto. Det er rekord og ein kan tvile på at denne rekorden nokon gong vert slått». Det var det året laget delte ut 250 kr. i jolegåver.
    I 1940 var det andre oppgåver som melde seg, og mange og såre minne hev me frå åra frametter.
    Laget laut gå med i det store opptaket Kvinnenes Arbeidshjelp, det vart strikka 27 Finlands-hetter, pengar vart gjeve til Soldatheimane og til soldater på nøytralitetvakt. Det vart sendt ein pengesum til dei krigsherja i Nord Norge og lagt ned eit stort arbeid med å samla inn og senda klede og sko til dei som fyrst fekk lide under krigen.
    Laget hadde noen gilde møte medan spaninga var som verst, men det gjekk fort fram til den 26. Mars 1941 då heila laget var samla og la ned alt arbeid.
    Godt me ikkje visste at 5 lange år måtte, før det vart fred og fridom i landet vårt.
    Bondekvinnelaget vart lagt ned, i namnet, men styret var utruleg framsynt, sikkert meir enn dei sjølv kom i hug. Dei tømde kassa for pengar (det var ikkje alle lag som hugsa på det). Så kjøpte dei materiale til handarbeider, strikkegarn og andre gode ting som endå var å få kjøpt. Kvart medlem fekk sitt arbeid å hyse - det var sovisst inga fåre med.
    Det var utruleg kor desse varene auka i verd der dei låg. Og som dei sidan kom til nytte !
    Den 21. Juni baud det gamle styret inn til Bondekvinnelagsmøte og med prøvde så smått å koma igong att.
    Utpå hausten kom Vest-Agder Bondekvinnelag igong og var til stor hjelp, og så skipa det seg etterkvart.
    Heile bygda rekte oss handa og slutta opp om Finnmarkskvelden som Bondekvinnelaget skipa til. Nå kom varane til nytte, dei som hadde vore «under arbeid» i mange år.
    Det var den fyrste større tilstelninga i bygda etter freden, og det var utruleg vanskelig å få til. Ikkje var det kaffikjele og slike ting å få tak i. Og med nummer rekna me etter den gamle tida: Me kom til kort i mange ting, men resultat vart at me kunne senda 884 kr. til bondekvinnenes Finnmarkskontor.
    I 1947 gav laget 200 kr. til Europa-hjelpen og tok opp arbeid for senkeapparat til kyrkjegarden.
    Kyrkja i Holum trong sårt til ei opp-pussing det var alle samd om. Bondekvinnelaget våga seg til å sende eit lite brev til soknerådet og bad dei ta opp arbeid med dette. Laget lova å hjelpe til med kostnaden det grandet me kunne. Det tok si tid, men arbeidet kom igong og kyrkja vart uneleg og fin.
    Bondekvinnelaget gav i alt 1400 kr. til dette store arbeidet.
    Laget har gjeve pengar til Ny-brotsfondet, og til Helselagsarbeid i bygda.
    I 1949 kjøpte laget 150 par kopper med asjet til festbruk og utlån.
    I 1951 hadde me vår største tilstelning, sjukehus-kvalden, eit tiltak som heile bygda slutta opp om. Det kom inn 3325 kr. til Mandals nye sykehus.
    I 1954 vart det kjøpt vaskemaskin til utleige i bygda, og i 1955 gjekk laget inn for å kjøpe lydfilm-apparat saman med framhaldskulen. Det vart kjøpt tæpe til alterringen i kyrkja for 658 kr. (Harkmark bondekvinnelag gav 100 kr. til dette) og i år har Harkmark og Holumlaga gått saman om å kosta 4 stolar til kyrkja.
    På Vest-Agder bondekvinnelags store tekstilutstilling i Kristiansand var det 20 nr. fra Holum, alle verdifulle ting. Eldste tæpe på utstillingen kom frå Holum, eigar Inga Soteland. - Det er gjeve tilskot til kyrkjelydsbladet, til Flyktninge-hjelpa og til Landsforeninga mot kreft. - Det har alltid vore utsendingar ti Vest-Agder bondekvinnelag feriekurs.
    Når en ser på arbeid som er gjort og oppgåver som er løst, kan ein tykja det er mykje for så lite eit lag.
    Men me hadde ikkje kome langt, om ikkje bygda hadde hjelpt oss på så mange vis.
    Skulestyret har alltid vore hjelpsame og dei har lagt fleire kurs grindt til rette. Ungdomslag og bedehusstyret har gjeve oss husrom, ofte uten vederlag. Og bondelaget har teke mangt eit tak for oss når det trongst.
    Det har falle mykje arbeid på lagsflokken, men så har me også hatt mykje hygge og moro. Me har lært av å vere saman i lag og fest.
    Dei fyrste bussturanelaget hadde, var ei oppleving serleg for dei eldre. Likeins turane i skjærgården.
    Siste året har vore som eit festår. Den 11. April var det 25 års fest i Holum bedehus. Alle som var med fyrste året var innbedne og ellers mange vener av laget.
    Av dei som var med å skape laget er 16 gjenge til kvile på Holum kyrkjegar. 16 har vore med laget heile tida. Unge er ingen av dei lenger, men den æra lyt dei ha at dei har vore
    trugne.
    Mange unge er komne med, men mange fleir er det bruk for.
    Den 6. Juni hadde Vest-Agder bondekvinnelag årsstemna i Holum. Stemna gav laget mykje arbeid, men det høyrdest ut til at gjestane våre var nøgd med tilskipinga.


    Desse har vore formenn i laget:
    Guri Hauge 1931 og 1934
    Berte Møll 1932
    Mina Wådne 1933
    Rakel Leirkjær 1935, 1940-1941, 1948-1949
    Emma Skagestad 1936
    Jørgine Nøding 1937-1938
    Asborg Aas 1939
    Agnes Wiig 1945
    Arntine Lie 1946
    Alvilde Langeland 1947 og 1951
    Andrea Lindland 1952-1953
    Gudrun Nøding 1954-1955
    Amanda Bringsdal 1956-
  •  

  Kalender